25. oktober 2008, var det ein hyggeleg kulturkveld i Breimshallen
Komite en bestod av Bjarne Bø, fordi han også på denne dagen hadde rund dag.
Songgruppa (forgjengarane til Breimskoret) var med og song "gamle slagarar" og Marit og Kari (som fortsatt er aktive medlemmar i Breimskoret) var spesielt populære med sitt glansnummer "Kari og Ivar Medås"
Breimskoret var sjølvsagt også med og song. Det var gjenhøyr med fleire kabaretviser. Då vi skulle til å synge "papirsklip" slo koret over på "gratulerer med dagen" og ein overraska Bjarne kom fram og fekk blomar av leiar Sjur Atle Austrheim.
Ein triveleg kveld både for kormedlemmar og bygdefolk elles :-)
Sunday, October 26, 2008
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
1 comment:
Som leiar i koret er eg stolt over medlemane inkl. dirigent og orkester. Vi er svært heldige som har slike dyktige personar med oss.
Takk til Bjarne som denne kvelden fekk styre festen sjølv. Det gjorde han med glans, som vanleg. Vi kjem til å minnast denne kulturkvelden i lang tid. Ved sida av mimring lyt vi og tenke frammover til neste års kabaret. Vi er i gang og kjem nok i mål denne gongen og. Koret har fått mange nye medlemar i år og det er kjekt å sjå at dei trivast. Dei blir hevne ut i korsang utan spesialstøtte og slik er det i koret. Det vinn ein på i det lange løp. Flott gjort å stå fram på dei samankomstane vi har vore med på, utan noko større øving frå dåkkar side. Vi kan berre glede oss til neste års kabaret......
Post a Comment