Tuesday, November 18, 2008

Årsmøte

Måndag 17. november hadde Breimskoret årsmøte. Møtet starta på tradisjonelt vis klokka halv 8, med leiar Sjur Atle som ønskte velkomen. Nestleiar Reidar vart vald til ordstyrar og så var møtet i gang. I år gjekk Sjur Atle av som leiar i Breimskoret og ny leiar blei Reidar Moldestad.
Sjur Atle fekk som seg hør og bør blomster, og fortenar ros for innsatsen han har gjort i koret når han har vore leiar.

På slutten av møtet hadde vi ein gjennomgang av kva vi skal framover. Det som kjem først av arrangement for oss er julekonserten i Breim kyrkje, 14. desember. Vi kjem også til å synge jula inn på julafta også i år. I januar skal vi i lag med dei andre kora i Gloppen vere med å synge under opninga av Trivselshagen. Vi snakka også ein del om kabareten og øvingshelgar. Vi får nok ein travel, men spennande og kjekk etterjulsvinter og vår i år og :-)

No comments: