25. oktober 2008, var det ein hyggeleg kulturkveld i Breimshallen
Komite en bestod av Bjarne Bø, fordi han også på denne dagen hadde rund dag.
Songgruppa (forgjengarane til Breimskoret) var med og song "gamle slagarar" og Marit og Kari (som fortsatt er aktive medlemmar i Breimskoret) var spesielt populære med sitt glansnummer "Kari og Ivar Medås"
Breimskoret var sjølvsagt også med og song. Det var gjenhøyr med fleire kabaretviser. Då vi skulle til å synge "papirsklip" slo koret over på "gratulerer med dagen" og ein overraska Bjarne kom fram og fekk blomar av leiar Sjur Atle Austrheim.
Ein triveleg kveld både for kormedlemmar og bygdefolk elles :-)
Sunday, October 26, 2008
Tuesday, August 21, 2007
Endeleg aktivitet igjen!
Sunday, March 25, 2007
Helsing frå ein billettseljar
I dag har eg vore på kabaret! Det var utruleg artig. I år som i fjor, var det også kjekt å selje billettar, folk er så positive, og ein sa "Ja det er utruleg ka ein får til i Breim"
Men utan å fornærme nokon så vil eg seie at dette var kvelden til Randi Skaaden!
Sender med dette ei helsing til alle i koret. Vel blåst. Får alltid lyst å vere med når eg ser på dåkke, men veit heilt sikkert at eg også gjorde eit rett val om å prioritere skulen!
Lukke til med neste framsyning!
Lene

Wednesday, February 7, 2007
Heimesida er oppdatert...litt!
Helleuz!
Då ville eg berre informere om at eg har gjort diverse småendringar på heimesida, bl.a har eg skrive litt om årets cabaret. Men dersom folket har bilete frå fjorårets cabaret, so må de gjerne sende dei på mail til meg (randibs@stud.hisf.no).
Elles so vil eg nytte høvet til å seie at eg gledar meg stort til øvingshelga no på laurag og søndag ( laur: 12-18 og søn: 12-16). Laurdag må Lene, Svanhild, Grete R., Anna Marie, Randi H. og Linn hugse at dei er matansvarlege. Søndag er det Lillian, Solveig, Gabriel, Reidar, Grete og Kari I som skal mate dyra! Vi må jo ha mat... Joda, dette blir løje! No må eg berre få replikkane under kontroll! Snakkast på laurdag, gjengen!!!
Randi BS

Sunday, January 28, 2007
Randi testar
Ja no får vi sjå om ho Randi er datakyndig nok til å handtere bloggen også... Måtte ha meg ei lita pause frå all tekstpugginga :) joda, det er moro, men travelt. Men ein ekte breimskoring takkar aldri nei til ei utfordring! So bring it on! Sjåast på øving i måra! RANDI
Sunday, January 21, 2007
Snart øving
| Breimskoret har sidan i haust øva inn songar som skal vere med på kabareten som skal vere til våren. I år skal vi ha mykje norsk, og skal syge både på norsk og engelsk. Det blir moro, men det er mykje arbeid, og øving, når ein skal setje opp kabaret.Som student er det ikkje alltid så lett å få tid til dette. Men i morgon er det øving. Det blir kjekt. |
Sunday, January 14, 2007
Breimskoret sin første blogg
Dette er eit forsøk på å lage ein blogg om Breimskoret. Her vil det bli teke opp smått og stort som skjer i Breimskoret.
Subscribe to:
Posts (Atom)