Sunday, April 19, 2009

Kabaret- premiere




Premierekveld:-) Så var det endeleg duka for kabareten "Gu beire for eit veir"

I år starta kabareten med at vi blei kjende med "kaffikokaren til Breimskoret" Ho tykte mellom anna at det var på sin plass å presentere kabareten.
For som kaffikokar var ho ikkje van med å få så mykje merksemd, men det tok ho glatt igjen.... :-)
Etter at kabareten var vel gjennomført kan eg konkludere at både stemninga og temperaturen var høg i Breimshallen denne kvelden.

Songane varierte i ulike veirslag,med både paraplyar som kom godt med i regnverssongar som til dømes "Singing in the rain" og der var godverssongar som til dømes "Solskinn og sang". Inn i mellom songane var kabareten krydra med mellom anna fisketur, veirprat og gylling framfor ein nyopphengd klesvask.... Ein artig kveld, med mykje bra korsong og den ståande applausen som koret fekk, var vel fortent:-)





Sunday, February 22, 2009

Gu beire for eit veir

Kabareten nærmar seg med stormskritt, og den har fått det treffande namnet "Gu beire for eit veir"- for det er jo det store samtaleemnet ver kabareten skal handle om i år. Og det skal vere sagt at det er utruleg kor mange fine songar som handlar om dette temaet
Datoane for framsyningane vert19. april og 25. og 26. april

Wednesday, January 21, 2009

Opninga av Trivselshagen





Fredag 16. januar var det offisiell opning av Trivselshagen på Sandane. Alle kora i Gloppen var med og danna eit kjempekor, og song i lag. Breimskoret var sjølvsagt også med. og på førehand hadde kora også ei felles ovingshelg. Kjekt og inspirerande for alle som var med, og som nokre sa det etterpå : "What a day" vi har vore med på!"