Sunday, January 28, 2007

Randi testar

Ja no får vi sjå om ho Randi er datakyndig nok til å handtere bloggen også... Måtte ha meg ei lita pause frå all tekstpugginga :) joda, det er moro, men travelt. Men ein ekte breimskoring takkar aldri nei til ei utfordring! So bring it on! Sjåast på øving i måra! RANDI

Sunday, January 21, 2007

Snart øving

Breimskoret har sidan i haust øva inn songar som skal vere med på kabareten som skal vere til våren. I år skal vi ha mykje norsk, og skal syge både på norsk og engelsk. Det blir moro, men det er mykje arbeid, og øving, når ein skal setje opp kabaret.Som student er det ikkje alltid så lett å få tid til dette. Men i morgon er det øving. Det blir kjekt.

Sunday, January 14, 2007

Breimskoret sin første blogg

Dette er eit forsøk på å lage ein blogg om Breimskoret. Her vil det bli teke opp smått og stort som skjer i Breimskoret.