Helleuz!
Då ville eg berre informere om at eg har gjort diverse småendringar på heimesida, bl.a har eg skrive litt om årets cabaret. Men dersom folket har bilete frå fjorårets cabaret, so må de gjerne sende dei på mail til meg (
randibs@stud.hisf.no).
Elles so vil eg nytte høvet til å seie at eg gledar meg stort til øvingshelga no på laurag og søndag ( laur: 12-18 og søn: 12-16). Laurdag må Lene, Svanhild, Grete R., Anna Marie, Randi H. og Linn hugse at dei er matansvarlege. Søndag er det Lillian, Solveig, Gabriel, Reidar, Grete og Kari I som skal mate dyra! Vi må jo ha mat... Joda, dette blir løje! No må eg berre få replikkane under kontroll! Snakkast på laurdag, gjengen!!!
Randi BS