Sunday, April 19, 2009

Kabaret- premiere




Premierekveld:-) Så var det endeleg duka for kabareten "Gu beire for eit veir"

I år starta kabareten med at vi blei kjende med "kaffikokaren til Breimskoret" Ho tykte mellom anna at det var på sin plass å presentere kabareten.
For som kaffikokar var ho ikkje van med å få så mykje merksemd, men det tok ho glatt igjen.... :-)
Etter at kabareten var vel gjennomført kan eg konkludere at både stemninga og temperaturen var høg i Breimshallen denne kvelden.

Songane varierte i ulike veirslag,med både paraplyar som kom godt med i regnverssongar som til dømes "Singing in the rain" og der var godverssongar som til dømes "Solskinn og sang". Inn i mellom songane var kabareten krydra med mellom anna fisketur, veirprat og gylling framfor ein nyopphengd klesvask.... Ein artig kveld, med mykje bra korsong og den ståande applausen som koret fekk, var vel fortent:-)





Sunday, February 22, 2009

Gu beire for eit veir

Kabareten nærmar seg med stormskritt, og den har fått det treffande namnet "Gu beire for eit veir"- for det er jo det store samtaleemnet ver kabareten skal handle om i år. Og det skal vere sagt at det er utruleg kor mange fine songar som handlar om dette temaet
Datoane for framsyningane vert19. april og 25. og 26. april

Wednesday, January 21, 2009

Opninga av Trivselshagen





Fredag 16. januar var det offisiell opning av Trivselshagen på Sandane. Alle kora i Gloppen var med og danna eit kjempekor, og song i lag. Breimskoret var sjølvsagt også med. og på førehand hadde kora også ei felles ovingshelg. Kjekt og inspirerande for alle som var med, og som nokre sa det etterpå : "What a day" vi har vore med på!"

Sunday, December 28, 2008

Leiaren sin 50 årsfeiring




Den 27. desember feira leiar, Reidar, 50 års dagen sin, og då var sjølvsagt også koret med og song. Vi starta tradisjonelt med ein julesong, og fortsette med ulike kabaret songar. Midtvegs heldt Bjarne Bø ei lita tale, og overrekte blomar til jubilanten.


Dirigenten vår Solfrid Bjørkum bidrog også med ein flott versjon av "Gabriellas song"
Ein kjekke kveld å få vere med på :-)




Friday, December 26, 2008

God Jul


No har Breimskoret synge jula inn i Breim kyrkje, og julefreden har seinka seg over Breimsbygda. God Jul

Sunday, December 14, 2008

Julekonsert


14 desember song vi i Breim kyrkje på julekonsert. Vi håpar at folk fekk god julestemning denne kvelden- det gjorde i alle fall vi.

Julebord











Laurdag 13. desember hadde Breimskoret julebord. Som vanleg var vi samla i Kvia i Bø, der Marit og dei 2 flinke hjelparane hennar Kari og Grete hadde laga til deileg julemat og gode kaker.



Det første som møtte oss var velferdskomiteen som hadde laga god gløgg . Då vi var komne til bords stilte like godt velferdskomiteen opp med Luciatog, og sjølvaste Sankta Lucia var Kristen Kleppe. Hildegunn leia oss gjennom programet på ein fin måte, med både gåter og vitsar på lur:-)
Nye leiaren Reidar sa også nokre ord, og heidra fleire i koret, spesielt dirigenten vår ho Solfrid som også fekk overrekt blomar

Det blei sjølvsagt mykje song på julebordet og Arne Søholt spela på trekkspel så vi hadde tonefølge. Ein kjekk kveld for alle oss som var der!